Valåe kraftverk

Registreringsnummer
5431
Saksnummer
200801442
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
19.05.2011
Tiltakshaver
SMÅKRAFT AS
Fylke
Innlandet
Kommune
Lesja
Vassdragsområde
002.DM
Søkt produksjon
4,50 GWh

NVE gjev Småkraft AS løyve til å bygge Valåi kraftverk i Lesja kommune i Oppland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 4,5 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 225 husstandar.

Kraftverket etter alternativ 2 vil få ein installert effekt på 1,8 MW og vil nytte ei fallhøgd på om lag 270 meter, frå inntak på kote 900 og ned til kraftstasjon på kote 630. Vatnet skal føyras i nedgravd røyr frå inntaket til kraftstasjonen.

NVE gjev ikkje løyve til bygging av Valåi etter alternativ 1 då dette alternativet mellom anna ville råka Valåifossen som er eit viktig lokalt landskapselement med verdi for friluftsliv. Det er og ein viktig bekkekløft nedafor fossen med raudlistearten grannsildre som er utryddingstruga.

Ei utbygging etter alternativ 2 vil medføre nokre negative verknader for biologisk mangfald, landskap og friluftsliv. NVE meiner likevel det vil vere mogeleg å bøte på ein del av dei negative verknadene ved slepp av minstevassføring heile året og installasjon av omlaupsventil. Minstevassføringa vil vere særskild viktig om sommaren (70 l/s) når bruken av området er størst og 15 l/s resten av året.

NVE vurderar nytten av tiltaket som større enn skadane og ulempene for private og allmenne interesser og gjev difor løyve til bygging av Valåi kraftverk på fastsette vilkår.