Raukforsen kraftverk

Registreringsnummer
5396
Saksnummer
200800903
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
18.04.2012
Tiltakshaver
NORD-SALTEN KRAFT AS
Fylke
Nordland
Kommune
Sørfold
Vassdragsområde
167.C4
Søkt produksjon
13,40 GWh

NVE gjev Nord-Norsk Småkraft AS løyve til å bygge Raukforsen kraftverk

Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 77 meter og ved normalt tilsig produsere om lag 13,4 GWh, dette svarar til den årlege straumbruken til om lag 670 husstandar. Installert effekt vert 5,0 MW. Kraftproduksjonen vil redusere vassføringa i Gjerdalselva over ei strekning på 800 meter. Det er satt vilkår om at vatnet skal førast i tunnel, sett bort ifrå ei kort strekning inn mot kraftstasjonen med nedgravne røyr. Nedgraving av røyr over heile strekninga ville medført mykje sprenging i fjell, og terrenginngrepa ville etter NVEs vurdering vore omfattande. Det vil bli ein avkjørsel frå Gjerdalsvegen til kraftstasjonen, ein permanent veg på om lag 600 meter. Det er opna for ei best mogeleg miljø- og landskapstilpassing for vegen ved NVEs endelege godkjenning av detaljplanen for utbygginga.

Det er ikkje registerte nokon spesielle miljøverdiar som blir rørd av ei utbygging, men det finnast laks og sjøaure i elva nedstraums kraftstasjonen. Av omsyn til vassdragsmiljøet og opplevinga av dette er det mellom anna fastsete ei minstevassføring på 1500 l/s om sumaren. Om vinteren er det sett vilkår om slipp av 350 l/s forbi kraftverksinntaket.