Nivla kraftverk

Registreringsnummer
5381
Saksnummer
200800769
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
20.12.2012
Tiltakshaver
NIVLA KRAFT AS
Fylke
Vestland
Kommune
Lærdal
Vassdragsområde
073.AA0
Søkt produksjon
11,00 GWh

NVE gjev Nivla Kraft AS (SUS) løyve til å bygge Nivla kraftverk i Lærdal kommune i Sogn og Fjordane. Vassverket vil få ein årleg produksjon på om lag 10,5 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 525 husstandar.

Nivla vil etter justerte planar nytte ei fallhøgd på 183 m, med inntak på kote 388 og kraftstasjon på kote 205. Vatnet vil gå i nedgraven røyrgate det meste av strekninga, og i tunnel gjennom ein knaus nær inntaket.

NVE har sett vilkår om at utlaupet frå kraftstasjonen ikkje skal ligge lågare enn botnen av Vassinntaksfossen. Med installert omlaupsventil i kraftstasjonen vil kraftverket i minst mogleg grad få negative konsekvensar for anadrom strekning i Nivla. Det finns fleire naturtypar langs Nivla. NVE meiner at med tilstrekkeleg minstevassføring og skånsam framføring av røyrgate, så har kraftverket akseptable konsekvensar for naturtypane. NVE meiner vidare at kraftverket vil ha akseptable negative konsekvensar for landskap og kulturminne, så lenge det fastsettes eit krav om minstevassføring som tek i vare nokon av verdiane knytt til desse interessene.

NVE har vurdert at med visse tilpassingar vil tiltaket ikkje medføre vesentlege ulemper for ålmenta. Kraftverket vil gje om lag 10,5 GWh i ny fornybar energiproduksjon. NVE har på bakgrunn av dette gjeve Nivla Kraft AS løyve til bygging av Nivla kraftverk på nærare fastsette vilkår.