Mjeldeelva kraftverk

Registreringsnummer
5376
Saksnummer
200800442
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
19.04.2012
Tiltakshaver
SMÅKRAFT AS
Fylke
Troms
Kommune
Tromsø
Vassdragsområde
197.42
Søkt produksjon
5,00 GWh

NVE gjev løyve til å byggje Mjeldeelva kraftverk, men avslag til Synnøvjord kraftverk. Begge på Kvaløya i Tromsø kommune i Troms.

 

Løyve til Mjeldeelva kraftverk

Mjeldeelva kraftverk er planlagt med ein installert effekt på 1,6 MW, og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på omlag 5 GWh. Dette svarar til den årlege straumbruken til 250 husstandar.

Mjeldeelva ligg delvis skjult av fjellsider tilvekse med typisk bærlyng-bjørkeskog og eit par granfelt, og sjølve elva er ikkje særleg markert i terrenget. Mjeldeelva renn i bratte stryk i øvre del av vasstrengen, og i rolige stryk i den nedre delen. Mjeldeelva sitt influensområde er nokså urøyrd, og ei utbygging vil føre til tap av inngrepsfrie naturområde (INON)  på 0,7 km² sone 2 og 1,3 km² sone 1. Det er ikkje registrert nokre spesielle miljøverdiar som blir røyrd av ei utbygging.

NVE meiner at landskapsverdiane og vassmiljøet knytt til vassdraget kan ivaretakast på ein god måte med slepp av tilstrekkelig minstevassføring heile året. Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane er større enn skadane og ulempene for allmenne interesser ved å bygge kraftverket og gjev difor løyve til Mjeldeelva kraftverk.

Avslag for Synnøvjord kraftverk

Synnøvjord kraftverk er planlagt med ein installert effekt på 2,2 MW og ein årleg produksjon på omlag 6,7 GWh. Noko som svarar til straumbruken til om lag 300 husstandar.

NVE legg vekt på at ei realisering av Synnøvjord kraftverk vil medføre svært store  og omfattande inngrep i eit landskap som i dag er tilnærma urøyrd. Ei etablering av røyrgate og anleggsveg i eit krevjande og synleg område til dels godt over tregrensa vil gje betydelege terrenginngrep og vil etter NVE sitt syn ikkje stå i forhold til krafta som skal produserast. NVE viser i denne samanhengen til OEDs retningsliner for små kraftverk kor det visas til at inngrep i sårbare høgfjellsområde bør unngåast der høve for avbøtande tiltak er avgrensa. Ei tunnelløysing i dette prosjektet er vurdert av søker å bli for kostbar. Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging.

NVE vurderer difor utbyggingsplanane til ikkje å vere akseptable i høve til allmenne interesser og gjev derfor ikkje løyve til bygging av Synnøvjord kraftverk.