Dravlaus kraftverk

Registreringsnummer
5374
Saksnummer
200800386
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
02.04.2014
Tiltakshaver
DRAVLAUS KRAFT AS
Fylke
Møre og Romsdal
Kommune
Volda
Vassdragsområde
094.12Z
Søkt produksjon
14,70 GWh

 
Fire løyve og to avslag til småkraft i Volda. 

NVE har handsama åtte søknader om bygging av småkraftverk i Volda kommune i Møre og Romsdal. NVE gjev løyve til fem av kraftverka og avslag til to. For eitt kraftverk har NVE tilrådd at Olje- og energidepartementet gjev løyve.

 

NVE har gjeve løyve til kraftverka Osdalen, Dravlaus, Vassbakke, Osvatnet og Øggardselva i Volda kommune. NVE har tilrådd at Olje- og energidepartementet gjev løyve til Botnaelva kraftverk. Samstundes har NVE avslått søknadane om bygging av Storelva kraftverk og Feirdalselva kraftverk i Høydalen.

NVE sendte i mars 2014 tilråding til OED om Osdalen kraftverk pga. konflikt med eit Samla plan-prosjekt. Det viste seg seinare at søknaden likevel ikkje var i konflikt med Samla plan, og NVE ga løyve til Osdalen kraftverk 26.09.2014.

Dei seks kraftverka som har fått løyve eller er tilrådd løyve, vil produsere omlag 46 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til 2300 husstandar.

 

Søknadane er behandla samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane, som best kjem fram når sakene blir sett i samanheng. Verdfullt naturmangfald, landskap og samla belasting i området  har vore sentralt i NVE si vurdering. Botnaelva kraftverk var tatt til behandling tidlegare, men er vurdert saman med dei sju  andre søknadene.

 

NVE har lagt vekt på å få fram dei prosjekta som har minst konflikt med allmenne interesser og som samstundes vil bidra til ny fornybar energiproduksjon. NVE har sett på miljøtilpassingar av dei enkelte prosjekta for å redusere konflikten med dei allmenne interessene.

 

For nærare grunngjeving, sjå omtale av dei einskilde sakane på vår nettstad.

 

Les meir om Dravlaus kraftverk

 

Les meir om Vassbakke kraftverk

 

Les meir om Osvatnet  kraftverk

 

Les meir om Øggardselva kraftverk

 

Les meir om Storelva kraftverk

 

Les meir om Feirdalselva kraftverk

 

Les meir om Botnaelva kraftverk

 

Les meir om Osdalen kraftverk