Heggtveit kraftverk (Skræi & Skrede kraftverk)

Registreringsnummer
5362
Saksnummer
200800211,202117909
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
29.08.2012
Tiltakshaver
SMÅKRAFT GREEN BOND 2 AS
Fylke
Telemark
Kommune
Fyresdal
Vassdragsområde
019.H20
Søkt produksjon
4,50 GWh

NVE gjev Skræi & Skrede Kraft AS løyve til  å byggje Skræi & Skrede kraftverk i Nystøylbrekken i Fyresdal kommune i Telemark. Kraftverket vil gje ein årleg fornybar energiproduksjon på om lag 4,5 GWh, noko som svarar til straumbruken til om lag 225 husstandar.

Skræi & Skrede kraftverk vil utnytte eit fall i Nystøylbekken mellom kote 685 og kote 350. Det er også gjeve løyve til å overføre Fjellstøylbekken til inntaket i Fjellstøylbekken. Kraftverket vil få ein installert effekt på 1,72 MW.

Det var også søkt om løyve til å overføre ein mindre bekk frå søraust til kraftverksinntaket. NVE har ikkje gjeve løyve til denne overføringa då vi meiner at dei terrengmessige inngrepa vert omfattande, og fordi ei bekkekløft av lokal verdi vert fråført det aller meste av vatnet. Samstundes ville overføringa berre gitt ein produksjon på om lag 0,3 GWh per år.  

NVE har fastsett ei minstevassføring på 5 l/s i Fjellstøylbekken og Nystøylbekken for å ivareta noko av det biologiske mangfaldet i og langs elva, som krev noko fukt for at bekkane ikkje skal stå fram som heilt turrlagde. NVE meiner at med fastsett minstevassføring vil ulempene for ålmenta vere avgrensa, samstundes som kraftverket vil gje ei viss ny fornybar energiproduksjon.