Åkraelva kraftverk

Registreringsnummer
5339
Saksnummer
200708893
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
23.12.2010
Tiltakshaver
ÅKRAELVA KRAFTVERK AS
Fylke
Vestland
Kommune
Kvinnherad
Vassdragsområde
042.61C
Søkt produksjon
16,70 GWh

NVE gjev Åkraelva kraftverk AS løyve til å bygge Åkraelva kraftverk i Kvinnherad kommune i Hordaland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på drøyt 16 GWh, noko som svarer til straumbruken til rundt 800 husstandar.

Åkraelva kraftverk AS har søkt om løyve til å byggje Åkraelva kraftverk i Åkra i Kvinnherad kommune. Kraftverket er planlagt med ei installert effekt på 5 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på drygt 16 GWh. Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 295 meter og endre naturleg vassføring på ei 1900 meter lang strekning av Åkraelva. Sidebekkene Stølselva og Raunelielva vert tatt inn på tilløpsrøyret til kraftverket. Vatnet skal førast i nedgravne røyr mellom inntak og kraftstasjon.

Tiltaket ligg i eit område prega av hogst og husdyrbeiting. Det er påvist ein raudlista lavart i skogen langs elva. Kraftverkets plassering og avbøtande tiltak skal syte for at sjøauren i nedre del av vassdraget ikkje vert negativt påverka. Det er ikkje særlege friluftsinteresser knytt til influensområdet. NVE meiner at med tilstrekkeleg minstevassføring heile året, og god planlegging og oppfølging av anlegget i byggetida, vil skadeverknadane for landskap og miljø vere akseptable. NVE vurderer at fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne og private interessene er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket, og gjev difor løyve til Åkraelva kraftverk på fastsette vilkår.