Hommsåne kraftverk

Registreringsnummer
5308
Saksnummer
200709405
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
15.09.2010
Tiltakshaver
SMÅKRAFT AS
Fylke
Agder
Kommune
Valle
Vassdragsområde
021.F50
Søkt produksjon
4,80 GWh

NVE gjev Småkraft AS løyve til å bygge Hommsåne kraftverk i Valle kommune i Aust-Agder. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 4,6 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 230 husstandar.

Småkraft AS har søkt om løyve til å byggje Hommsåne kraftverk i Valle kommune. Kraftverket er planlagt med ei installert effekt på 1,7 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på om lag 4,6 GWh.

Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 260 m og endre naturleg vassføring på ei om lag 1100 m lang elvestrekning. Vatnet skal førast i nedgravne røyr mellom dei to inntaka og kraftstasjon. Den verdifulle naturtypa bekkekløft er registrert på elvestrekninga som blir fraført vatn, men det er ikkje påvist raudlista artar knytt til elva.

Utbygging vil medføre nokre negative verknader for natur-, landskaps- og friluftsverdiar. NVE meiner imidlertid at med tilstrekkeleg minstevassføring heile året, og god planlegging og oppfølging av anlegget i byggetida, vil skadeverknadane for landskap og miljø vere akseptable.

NVE vurderar fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne interessene er større enn skadane og ulempene og gjev difor løyve til Hommsåne kraftverk på fastsette vilkår.