Valken kraftverk

Registreringsnummer
5302
Saksnummer
200708223
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
17.12.2010
Tiltakshaver
SAKSENVIK KRAFT AS
Fylke
Nordland
Kommune
Saltdal
Vassdragsområde
163.5Z
Søkt produksjon
29,00 GWh

NVE har gjeve Saksenvik kraft AS løyve til å byggje Valken kraftverk i Saltdal kommune i Nordland. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på om lag 26 GWh, noko som svarar til den årlege straumbruken til rundt 1300 husstandar.

Kraftverket vil utnytte ei fallhøgd på 210 m og endre naturleg vassføring på ei rundt 2300 m lang elvestrekning. Vatnet skal førast i tunnel mellom inntak og kraftstasjon. Den verdifulle naturtypa bekkekløft er registrert på elvestrekninga som blir fraført vatn, men det er ikkje påvist raudlista artar knytt til elva.

Utbygging vil medføre nokre negative verknadar for miljø-, landskaps- og friluftsverdiar. NVE meinar imidlertid at med tilstrekkjeleg minstevassføring heile året, og god planlegging og oppfølging av anlegget i byggjetida, vil skadeverknadane for landskap og miljø vere akseptable.

NVE vurderar at fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne interessene er større enn skadane og ulempene, og gjev difor løyve til Valken kraftverk på fastsette vilkår.