Bentsjord kraftverk

Registreringsnummer
5295
Saksnummer
200709188
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
05.05.2010
Tiltakshaver
Bentsjord Kraft AS
Fylke
Troms
Kommune
Storfjord
Vassdragsområde
204.92
Søkt produksjon
6,20 GWh

NVE gjev Bentsjord kraft AS løyve til å bygge Bentsjord kraftverk i Storfjord kommune i Troms. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 5,8 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 290 husstandar.

Bentsjord kraft AS har søkt om løyve til å byggje Bentsjord kraftverk i Bentsjordelva i Storfjord kommune. Kraftverket er planlagt med ei installert effekt på 3,1 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på omlag 5,8 GWh. Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 426 meter og endre naturleg vassføring på ei 1500 meter lang elvestrekning. Vatnet skal førast i nedgravne røyr mellom inntak og kraftstasjon. Tiltaket ligger i eit urørt og intakt naturområde. Det er påvist ein raudlista fugleart i skogen langs elva. Anleggsvegen vert sperra med bom for å hindre hogst. Det er ikkje særlege friluftsinteresser knytt til influensområdet. NVE meiner at med tilstrekkeleg minstevassføring heile året, og god planlegging og oppfølging av anlegget i byggetida, vil skadeverknadane for landskap og miljø vere akseptable. NVE vurderer at fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne og private interessene er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket, og gjev difor løyve til Bentsjord kraftverk på fastsette vilkår.