Middøla kraftverk

Registreringsnummer
5272
Saksnummer
200708236,201836806
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
22.11.2011
Tiltakshaver
SMÅKRAFT AS
Fylke
Telemark
Kommune
Tinn
Vassdragsområde
016.H1A
Søkt produksjon
12,00 GWh

NVE har handsama to søknader om bygging av kraftverk i Tinn kommune, Telemark. Vi gjev løyve til Middøla kraftverk og avslår Rollagåi kraftverk.

Middøla kraftverk

Middøla Kraftverk SUS har søkt om løyve til å byggje Middøla kraftverk i Middøla i Tinn kommune. Kraftverket er planlagt med ei installert effekt på 4,5 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på drygt 12 GWh, noko som svarar til den årlege straumbruken til rundt 600 husstandar.

Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 280 meter og endre naturleg vassføring på ei 3500 meter lang strekning av Middøla. Vatnet skal førast i nedgrave røyr langs ein eksisterande skogsbilveg mellom inntak og kraftstasjon.

Tiltaket ligg i eit område som er prega av menneskelege inngrep i form av skogsvegar, skogbruk og oppdyrka areal. Tiltaket vil fraføre vatn i ei bekkekløft, og NVE meiner at det må iverksettast avbøtande tiltak ved ei utbygging av vassdraget. Det må òg takas omsyn til eit vassverk som ligg nært den planlagte kraftstasjonen.

NVE meiner at med tilstrekkeleg minstevassføring heile året, og god planlegging og oppfølging av anlegget i byggetida, vil skadeverknadane for landskap og miljø vere akseptable.

NVE vurderer at fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne og private interessene er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket, og gjev difor løyve til Middøla kraftverk på fastsette vilkår.

Rollagåi kraftverk

Norsk Hydro Produksjon AS har søkt NVE om løyve til å nytte eit fall mellom kote 810 og kote 220 i Rollagåi. Kraftverket var planlagt med ein installert effekt på 3,8 MW, og ein årleg produksjon på om lag 11,7 GWh, noko som svarar til den årlege straumbruken til rundt 600 husstandar.

NVEs avslag byggjer i hovudsak på tiltakets konflikt med eit svært verdifullt landskapselement, Haugefossen, og tilhørande landskaps- og friluftsinteressene knytt til opplevinga av fossen. Det er óg registrert ei bekkekløft med ei fosserøyksone på strekninga som vil bli fraført vatn. Den sårbare arten hodeskoddelav er registrert på strekninga.

NVE vurderar at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til ålmenne interesser. NVE gjev difor ikkje løyve til bygging av Rollagåi kraftverk.

Konsesjonen ble overført til Småkraft AS 04.10.2018