Breidalselva minikraftverk

Registreringsnummer
5265
Saksnummer
200708173
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
25.06.2009
Fylke
Vestland
Kommune
Gloppen
Vassdragsområde
087.1AZ
Søkt produksjon
6,00 GWh

NVE har gjeve Moane Kraft AS løyve til bygging av Breidalselva minikraftverk i Gloppen kommune, Sogn og Fjordane. Kraftverket vil nytte eit fall på 335 meter i Breidalselva og gje ein årleg produksjon på om lag 6 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 300 husstandar

Breidalselva er ei av tre greiner i Ryggvassdraget på sørsida av Gloppenfjorden. Ryggelva er verna mot kraftutbygging i Verneplan IV for vassdrag. Det er opna for bygging av mikro- og minikraftverk i verna vassdrag med installert effekt under 1 MW under føresetnad at utbygginga ikkje kjem i konflikt med verneverdiane. For Ryggelva er verneverdiane knytt til kvartærgeologi, landskapsformer og kulturminner.

NVE vurderer Breidalselva kraftverk til ikkje å påverke vernverdiane nemneverdig ettersom fråføring av vatn og andre inngrep medfører små verknader for naturmiljø, landskap og kulturminner. For å oppretthalde vassføringsvariasjonar i midlare og tørre år, har NVE redusert slukeevna til 300 l/s, som tilsvarar 49 prosent av midlare vassføring. Vidare er det fastsett ei minstevassføring på 100 l/s i perioden 1. mai - 30. september og 40 l/s resten av året.

Etter NVE sitt syn er utbygginga med dei avbøtande tiltaka akseptabel i høve til private og allmenne interesser.