Dalelva kraftverk

Registreringsnummer
5248
Saksnummer
200708181,202210284
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
21.12.2012
Tiltakshaver
SMÅKRAFT AS
Fylke
Vestland
Kommune
Masfjorden
Vassdragsområde
067.2A1B
Søkt produksjon
5,30 GWh

Utsatt byggefrist. Ny frist er 22.12.2022

 

NVE gjev Dalelva Kraftverk AS (SUS) løyve til å bygge Dalelva Kraftverk med hovudinntak ca. på kote 330, samt løyve til ei mindre overføring frå ein sidebekk. Prosjektet ligg i Kjetlandsdalen i Hordaland fylke. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 5,3 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 260 husstandar.

Dalelva Kraftverk vil etter dei framlagde planane nytte ei fallhøgd på 127 m i Dalelva. Kraftstasjonen er planlagt like oppstraums for Kjetland kraftverk som vart sett i drift i 2004. Vatnet skal førast i nedgrave røyr heile vegen frå inntaket og ned til kraftstasjonen.

Dei viktigaste problemstillingane i saka er slik NVE ser det, er inngrep i eit særs krevjande terreng i tiltaksområdets øvre del. Det er ikkje påvist særskilde biologiske verdiar i området, og Dalelva kraftverk vil ikkje røyre ved trua artar eller viktige naturtypar. Samtlege høyringspartar meiner at ei ytterlegare utbygging av Dalelva  kan gjennomførast. For redusere verknadene av landskapsinngrepa i øvre del har NVE satt krav om at inntaket skal trekkast nokre høgdemeter ned. Dette vil etter vår meining gi ei langt meir skånsam utbygging.

NVE si vurdering er at dei samla negative verknadene av utbygginga kan aksepterast, sett i forhold til nytten av den forventa kraftproduksjonen i Dalelva Kraftverk. På bakgrunn av dette har NVE gjeve løyve til bygging av Dalelva Kraftverk på nærare fastsette vilkår.