Aa-Tverrelva kraftverk

Registreringsnummer
5246
Saksnummer
200701971
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
02.05.2013
Tiltakshaver
AA-TVERRELVA KRAFT AS
Fylke
Vestland
Kommune
Gloppen
Vassdragsområde
086.A
Søkt produksjon
21,70 GWh

Det er gitt utsatt byggefrist. Ny frist er 02.05.2023

 

NVE gjev Aa Energi AS løyve til å bygge Aa-Tverrelva kraftverk i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 21,7 GWh, noko som svarar til straumbruken til 1135 husstandar.

Aa-Tverrelva kraftverk vil nytte ei fallhøgd på 640 m i Tverrelva mellom inntaket på 665 moh og kraftstasjon på 25 moh. Dei øvre delane av tiltaket vil vera veglaust og vatnet skal førast i tunnel. Frå tunnelpåhogget på 330 moh og ned til kraftstasjonen vil røyrgata vera nedgraven og det vil bli bygd veg opp til påhogget. 

 

Den viktigaste problemstillinga i saka er, slik NVE ser det, omsynet til landskapet og nærleiken til Naustdal og Gjengedal landskapsvernområde. For å redusere verknaden av landskapsinngrepa vil inntaket bli bygd veglaust og vassvegen bli lagt i tunnel i dei øvre delane av tiltaksområdet. Tiltaket vil ikkje gå innanfor grensa til landskapsvernområdet og det vil bli stilt krav om minstevassføring i Tverrelva. NVE meiner dermed at ulempene ved ei utbygging er redusert i tilstrekkeleg grad.

 

 NVE vurderer at dei samla negative verknadene av utbygginga kan aksepterast, sett i forhold til nytten av den forventa kraftproduksjonen i Aa-Tverrelva kraftverk. På bakgrunn av dette har NVE gjeve løyve til bygging av Aa-Tverrelva kraftverk på nærare fastsette vilkår.