Liarelva Kraftverk

Registreringsnummer
5229
Saksnummer
200708047
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
14.04.2010
Tiltakshaver
SUNNHORDLAND KRAFTLAG AS
Fylke
Vestland
Kommune
Kvinnherad
Vassdragsområde
042.711Z
Søkt produksjon
7,30 GWh

NVE gjev Sunnhordaland Kraftlag AS løyve til å bygge Liarelva kraftverk i Kvinnherad kommune, Hordaland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 6,2 GWh. Dette svarar til straumbruken til rundt 310 husstandar.

Sunnhordaland kraftlag har søkt om løyve til å bygge Liarelva kraftverk i Liarelva i Kvinnherad. Liarelva ligg på østsida av Matrefjorden og har utløp frå Liarvatnet. Kraftverket er planlagt med ei installert effekt på 2,7 MW, og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på 6,2 GWh.

Utbyggingsområdet frå sjøen og opp til kote 550 har ei jevn bratt stigning. Elvestrekninga er prega av bart fjell i dagen, og traseen for røyrgata domineras av mykje skredmateriale og blokkstein. Elva er ikkje synleg frå sjøen, og det er ikkje funne raudlista artar eller viktige naturtypar som blir påverka av tiltaket. Fjordlandskapet i utbyggingsområdet er gjeve middels verdi i fylkesdelplan for små vasskraftverk i Hordaland. NVE meiner røyrgata hovudsakeleg skal vere nedgrave, men på utsette delar av strekninga vil NVE vurdere om ho kan liggje i dagen. Dette for å redusere inngrepet i landskapet. Andre negative verknader kan etter NVE sitt syn avbøtas gjennom slepp av tilstrekkeleg minstevassføring, og gjennom miljøtilpassing av dei planlagde inngrepa.

NVE meiner fordelane i høve til allmenne interesser er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket og gir difor løyve til Liarelva kraftverk på fastsette vilkår.

Kontaktpersonar
seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
avdelingsingeniør Ingri Guren, tlf. 22 95 91 59