Gjønaelva kraftverk

Registreringsnummer
5228
Saksnummer
200708021
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
03.10.2012
Tiltakshaver
Gjønaelva Kraftverk AS
Fylke
Vestland
Kommune
Bjørnafjorden
Vassdragsområde
053.C2B
Søkt produksjon
9,00 GWh

Noregs vasdrags- og energidirektorat (NVE) gjev Gjønaelva kraftverk AS løyve til å bygge Gjønaelva kraftverk i Fusa kommune i Hordaland. Anlegget vil produsere omlag 9 GWh og vil kunne dekke det årlege straumforbruket til omlag 450 husstandar.

Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på omlag 240 meter, med inntak på kote 292 og kraftstasjon på kote 56. Vatnet skal førast i tunnel i øvre del og deretter nedgrave fram til kraftstasjonen. Det er ikkje knytt store landskapsmessige verdiar eller naturverdiar til  rundt elvestrekninga der det er søkt om utbygging.

Kraftstasjonen vil bli plassert nedanfor fossen på kote 70, som er naturlig vandringshinder for auren i vassdraget. Elva har gode gyte- og oppvekstområder for aure, men det er berre ein liten del av gyteområdet som blir påverka av utbygginga. Fossen vil få redusert vassføring, men NVE meiner at verdien av fossen som landskapselement vil bli ivareteke med slepp av tilstrekkeleg minstevassføring. Gyteområdet mellom fossen og kraftstasjonen vil til en viss grad bli tryggja då  minstevassføringa er tilpassa den naturleg låge vassføringa i elva.

Storauren gyter i utløpet av Gjønaelva i Gjønavatnet og vil ikkje verte direkte påverka av utbygginga. NVE sett likevel vilkår om installering av forbisleppingsventil for å unngå brå endringar i vassføringa ved stopp i kraftverket.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser og gjev difor løyve til bygging av Gjønaelva kraftverk på fastsette vilkår.

Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Avdelingsingeniør, Ellen Flåhagen Andersen, tlf. 22 95 93 71