Hopland kraftverk
- Registreringsnummer
- 5213
- Saksnummer
- 200707941
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 11.11.2010
- Tiltakshaver
- HOPLAND KRAFT AS
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Stryn
- Vassdragsområde
- 089.12Z
- Søkt produksjon
- 17,80 GWh
NVE har gjeve Hopland Kraft AS løyve til å byggje Hopland kraftverk i Stryn kommune, Sogn og Fjordane. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 17 GWh, noko som svarer til den årlege straumbruken til rundt 850 husstandar.
Kraftverket vil nytte eit fall på omlag 343 meter i Randaelva og Hoplandselva og vil føre til at ei elvestrekning på ca. 3 kilometer vil få redusert vassføring. Driftsvassvegen vil bli rundt 2910 meter lang. Røyrgatetraséen skal gravast ned. Det er gjeve løyve til å bygge ein 300 meter lang veg til i inntaket i Hoplandselva, ein 30 meter lang veg til inntaket i Randaelva og ein 100 meter lang veg frem til kraftstasjonen.
Av omsyn til kulturminne og kulturmiljø er kraftstasjonen flytta ovanfor Randabygd kyrkje. Naturtypen viktige bekkedrag er påvist. Av omsyn til biologisk mangfald og landskap har NVE fastsett ei minstevassføring frå inntaka på til saman 280 l/s i perioden 1. mai til 30. september, og 50 l/s resten av året.
NVE vurderer utbygginga med fastsett minstevassføring, og krav om flytting av kraftstasjon til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.