Kleivan Kraftverk

Registreringsnummer
5190
Saksnummer
200707199
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
25.05.2010
Tiltakshaver
Kvikraft A/S
Fylke
Agder
Kommune
Kvinesdal
Vassdragsområde
025.AA1
Søkt produksjon
6,35 GWh

Utsatt byggefrist. Ny frist er 25.05.2020

 

NVE gjev Kleivan kraft AS løyve til å bygge Kleivan kraftverk i Kvinesdal kommune i Vest-Agder fylke. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 5,7 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 285 husstandar.

Kleivan kraft AS har søkt om løyve til å byggje Kleivan kraftverk i Kleiveåna i Kvinesdal kommune. Kraftverket er planlagt med ei installert effekt på 1,7 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på 5,7 GWh. Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 241 m og endre naturleg vassføring på ei om lag 1300 m lang elvestrekning. Vatnet skal førast i nedgravne røyr frå inntak til kraftstasjon.

NVE meiner at med tilstrekkelig minstevassføring heile året, og god planlegging og oppfølging av anlegga i byggetida, samt at det ikkje gis løyve til regulering av Djupevatn, vil skadeverknadane for landskap og miljø vere akseptable.

NVE meiner fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne interessene er større enn skadane og ulempene og gjev difor løyve til Kleivan kraftverk på fastsette vilkår.