Voldsetelva kraftverk

Registreringsnummer
5184
Saksnummer
200707233
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
25.03.2011
Tiltakshaver
LHI SOLARWIND HYDRO VOLDSETELVA 2645 AS
Fylke
Trøndelag
Kommune
Steinkjer
Vassdragsområde
130.1A0
Søkt produksjon
16,80 GWh

Løyve til bygging av Voldsetelva Kraftverk

NVE gjev Blåfall AS med grunneigarar løyve til å bygge Voldsetelva kraftverk i Verran kommune i Nord-Trøndelag. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 17,5 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 875 husstandar.

Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 140 meter i Voldsetelva og endre naturleg vassføring på ein om lag 2500 lang elvestrekning. Røyrgata skal gravast ned på heile strekninga, i all hovudsak langs eksisterande skogsveg. Det vert behov for å byggje ein 20 meter lang veg til kraftstasjonsområdet, i tillegg til om lag 80 meter ny veg til inntaka i Rørtjønnelva og Nesvasselva.

Det er ikkje påvist raudlista artar i prosjektområdet. Det er heller ikkje særlege landskaps- eller friluftsinteresser knytt til tiltaksområdet. NVE meiner difor at avbøtande tiltak som slepp av minstevassføring, varsam utbygging og montering av omløpsventil av omsyn til fisk, vil halde utbygginga på eit akseptabelt nivå.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser og gjev difor løyve til Voldsetelva kraftverk på fastsette vilkår.

Kontaktpersonar Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 Sakshandsamar Eirik Bjerke Thorsen, tlf. 22 95 93 80