Rodal kraftverk

Registreringsnummer
5171
Saksnummer
200707490
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
27.04.2009
Tiltakshaver
RODAL KRAFT AS
Fylke
Trøndelag
Kommune
Heim
Vassdragsområde
113.51B0
Søkt produksjon
5,00 GWh

Løyve til å byggje Rodal kraftverk NVE har gjeve Rodal Kraft AS løyve til bygging av Rodal kraftverk i Halsa kommune i Møre og Romsdal. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på i underkant av 5,0 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 250 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall på 158 meter over ei omlag 1900 meter lang strekning i Rodalselva. Det vert gjeve løyve til å overføre Skottjernbekken til inntaket i Rodalselva.

Av omsyn til biologisk mangfald og landskapsinteresser, har NVE fastsett ei minstevassføring på 80 liter i sekundet om sommaren og 65 liter i sekundet om vinteren. Gjennom detaljplangodkjenning og oppfølging i byggjetida vil NVE sjå til at landskapsinngrepa knyta til utbygginga vert avgrensa i størst mogeleg grad.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.