Sundli kraftverk, reg. Strømtjønna

Registreringsnummer
5096
Saksnummer
200707394
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
10.09.2009
Tiltakshaver
SUNDLIKRAFT AS
Fylke
Trøndelag
Kommune
Orkland
Vassdragsområde
121.A21Z
Søkt produksjon
5,00 GWh

NVE har gjeve Jamtåsbekken Kraftlag DA løyve til bygging av Sundli kraftverk og regulering av Strømtjønna i Orkdal kommune, Sør-Trøndelag. Kraftverket vil nytte eit fall på 207 meter i Jamtåsbekken som vil gje ein årleg produksjon på om lag 5 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 250 husstandar.

Jamtåsbekken renn for det meste i skogkledd dal øst for Fannrem i Orkdal kommune. Jamtåsbekken er sidevassdrag til Orkla som er nasjonalt laksevassdrag. Elles er det ikkje knytt store allmenne interesser til elva. Storlom, som er klassifisert som sårbar i Norsk Rødliste, hekker i området. Det er ikkje funne omsynskrevjande naturtypar i tiltaksområdet. NVE har sett krav om at kraftstasjonen skal plasserast ovanfor anadrom strekning av omsyn til beskyttelsesregimet for nasjonale laksevassdrag. For å oppretthalde livet i elva og for å sikre tilstrekkeleg vassføring for fisk nedanfor kraftverket, har NVE fastsett ei minstevassføring på 30 l/s heile året. NVE har òg fastsett restriksjonar på regulering av Strømtjønna i sommarsesongen av omsyn til hekkande storlom, friluftsliv og landskap. Etter NVE sitt syn er utbygginga med dei avbøtande tiltaka akseptabel i høve til private og allmenne interesser.