Ny Kaupanger transformatorstasjon

Tiltakshaver
SOGNEKRAFT AS
Sakstype(r)
Nett
Saksnummer
201901056
Status
Søknad
Dato
04.02.2019
Fylke
Sogn og Fjordane
Kommune
Sogndal

NVE har motteke søknad frå Sognekraft om ny Kaupanger transformatorstasjon.

Sognekraft søkjer om å etablere ein ny transformatorstasjon nordaust for eksisterande Kaupanger transformatorstasjon. Stasjonen vil bestå av nye elektriske anlegg og eit stasjonsbygg. Stasjonstomta er på om lag 4,8 daa. Den noverande transformatorstasjonen skal rivast når den nye er ferdig. Sognekraft søkjer òg om å leggje om ein leidning inn til den nye stasjonen.

Behovet for ny stasjon skuldas auka forbruk i området, framtidig auke av spenningsnivå samt at eksisterande stasjon er flaumutsett.