Follsjå kraftverk

Registreringsnummer
5046
Saksnummer
200704033
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
17.12.2012
Tiltakshaver
FOLLSJÅ KRAFT AS
Fylke
Telemark
Kommune
Notodden
Vassdragsområde
016.F32
Søkt produksjon
13,00 GWh

NVE gjev Follsjå Kraft AS løyve til å bygge Follsjå kraftverk i Notodden kommune i Telemark. Vasskraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 13 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 650 husstandar.

Follsjå kraftverk vil etter dei framlagde planane nytte ei fallhøgd på 104 m, frå Follsjå til kraftstasjon ved Grytebakke nær Tinnelva. Follsjå skal regulerast med inntil 1,2 m, med HRV (høgaste regulerte vasstand) kote 225 og LRV (lågaste regulerte vasstand) på kote 223,8. Vatnet skal førast i tunnel og nedgrave røyr frå inntaket og ned til kraftstasjonen.

Dei viktigaste problemstillingane i saka er slik NVE ser det omsynet til elvemusling i Fulldøla og verdien av vatnet Follsjå som friluftslivsområde. Det finst ein elvemuslingbestand i Fulldøla, og bestanden er liten og sårbar. Det er ein føresetnad for konsesjonen at utbygginga kan gjennomførast på ein slik måte at den ikkje fører til vesentlege negative verknader for arten. NVE er einig med fagmiljøet både i SWECO AS og Direktoratet for naturforvaltning, som meiner bestanden kan takast vare på sjølv om Follsjå kraftverk vert bygd, under føresetnad av at det gjerast avbøtande tiltak.

Follsjå nyttast m.a. til bading, padling, fiske, isfiske og skigåing. Vasstanden i vatnet har variert innanfor det omsøkte reguleringsintervallet også i de seinare åra. Difor meiner NVE at tilhøva ved Follsjå vil endre seg lite samanlikna med dagens tilstand og at konsekvensane for friluftslivet ved Follsjå vert små. Reguleringa kan få nokre konsekvensar for gytande fisk og for storlom som hekkar ved Follsjå. Friluftslivsaktivitetane ved Fulldøla er hovudsakelig bading og noko fisking. NVE meiner at ulemper for desse interessene kan avbøtast med tilstrekkelig minstevassføring.

Reguleringa av Follsjå er maksimalt 1,2 m. Likevel er det sett grenser for vasstanden frå 15. mai–15.desember, som gjer at vatnet ikkje kan tappast ned til LRV i denne perioden. Dette gjer at friluftslivet rundt Follsjå vert lite påverka og at tiltaket ikkje vert til ulempe for gytefisk og hekkande storlom.

NVE si vurdering er at dei samla negative verknadene av utbygginga kan aksepterast sett i forhold til nytten av den forventa kraftproduksjonen i Follsjå kraftverk. På bakgrunn av dette har NVE gjeve løyve til bygging av Follsjå kraftverk og regulering av Follsjå på nærare fastsette vilkår.