Utvidet regulering av Reppavatnet og Memorvatnet

Registreringsnummer
5027
Saksnummer
200703717
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Opprusting og utvidelse
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
09.03.2012
Tiltakshaver
RØDØY-LURØY KRAFTVERK AS
Fylke
Nordland
Kommune
Rødøy
Vassdragsområde
159.7Z
Søkt produksjon
1,60 GWh

Rødøy-Lurøy Kraftverk har fått løyve til utvidet regulering av Reppa- og Memorvatnet, Rødøy kommune, Nordland

 

Ved kgl. res. av 09.03.2012 har Rødøy-Lurøy Kraftverk AS fått løyve til å utvide reguleringsmagasina i Reppa- og Memorvatnet, i tråd med NVEs innstilling.

Rødøy-Lurøy Kraftverk AS har søkt om løyve til å auke reguleringshøgda i Reppavatn og Memorvatn med høvesvis 7 og 5,5 meter. Tiltaket vil gje ei auke i kraftproduksjon på 1,6 GWh.

NVEs innstilling: NVE meiner at dei eksisterande reguleringsmagasina i Reppa- og Memorvatnet kan utvidast utan store skader eller ulemper for allmenne og private interesser. Tiltaket bidrar positivt med auka kraftproduksjon, og har få negative konsekvensar. NVE rår til at ein i anleggsperioden tek omsyn til fugl og vilt. Av omsyn til landskapsestetikk bør dammen tilpasses terrenget så godt som mogleg. NVE har ikkje rådd til slipp av minstevassføring. Det er ikkje pålegg om minstevassføring i vassdraget frå tidligere. Ei utvidet regulering som skissert her vil gje ein årleg middelproduksjon på om lag 1,6 GWh, noko som svarar til straumbruken til 80 husstandar.