Bergselva kraftverk

Registreringsnummer
5025
Saksnummer
200703587
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
18.02.2010
Tiltakshaver
NORDIC POWER AS
Fylke
Troms
Kommune
Storfjord
Vassdragsområde
204.82
Søkt produksjon
13,50 GWh

NVE gjev Fjellkraft AS løyve til å bygge kraftverk i Bergselva og Mortensdalelva i Storfjord kommune, Troms. Dei to kraftverka vil få ein samla årleg produksjon på omlag 19,5 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 975 husstandar. Prosjekta er noko redusert i høve til dei opphavlege planane.

Løyve til Bergselva kraftverk
Kraftverket får ei installert effekt på 5,0 MW, og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på omlag 13,5 GWh. Dette svarar til straumbruken til 675 husstandar. Inntaket skal byggast nede i bjørkeskogen på kote 409 i staden for høgre opp i elva i det villmarksprega snaufjellsområdet slik som først planlagt. Vassvegen vert nedgrave på nordsida av elva. Kraftstasjonen skal plasserast slik at elva har naturleg vassføring sett frå E6. Det er ikkje påvist raudlista arter knytt til Bergselva, men ei bekkekløft vert vurdert til å ha lokal verdi. NVE meiner at tilstrekkeleg vassføring heile året og krav til utforminga av anlegget, av omsyn til landskapet og biologisk mangfald, er avbøtande tiltak som gjer utbygginga tilrådeleg. NVE meiner fordelane i høve til dei allmenne interessene er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket og gir difor løyve til Bergselva kraftverk på fastsette vilkår.

Konsesjon for Bergselva kraftverk ble overført Nordic Power august 2015.