Holsfossen kraftverk

Registreringsnummer
5014
Saksnummer
200901264
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Opprusting og utvidelse
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
14.09.2010
Tiltakshaver
HAFSLUND ECO VANNKRAFT INNLANDET AS
Fylke
Innlandet
Kommune
Gausdal
Vassdragsområde
002.DDZ
Søkt produksjon
9,80 GWh

NVE gjer Eidsiva Vannkraft AS løyve til opprusting og utviding av Holsfossen kraftverk i Gausdal kommune i Oppland. Oppgraderinga vil gje ein betre optimalisering av eksisterande kraftverk og ein auke i kraftproduksjon frå 2,9 til 9,8 GWh per år.

Holsfossen kraftverk ligger i Holsfossen i det verna Gausavassdraget. Planane inneber inga nye inngrep, men auka slukeevne. Planane vil ikkje få følgjer for vernegrunnlaget i Gausa.

I totalvurderinga har NVE lagt stor vekt på at ein opprusting og utviding gjev fornybar energi gjennom ein betre utnytting av eit allereie utbygd fall. Tiltaket gjer det også mogleg å fastsette vilkår om minstevassføring i Holsfossen. Dette vil virke positivt for Mjøsørreten som gyter i Gausa.

Eit negativt element er at det ikkje er mogleg å bevare anlegget som teknisk-industrielt kulturminne ved ein opprusting. Dette kan etter NVEs syn avbøtas ved at anlegget blir tilstrekkeleg historisk dokumentert.

Med dei gitte avbøtande tiltaka og vilkår meiner NVE at ulempene som følgje av det omsøkte tiltaket er små i høve til nytten av auka kraftproduksjon.