Freim kraftverk

Registreringsnummer
4905
Saksnummer
200700472
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
15.12.2009
Tiltakshaver
FREIM KRAFT AS
Fylke
Vestland
Kommune
Ullensvang
Vassdragsområde
048.A
Søkt produksjon
3,60 GWh

NVE gjev Hardanger Kraft AS løyve til å bygge Freim kraftverk i Freimselva i Odda kommune i Hordaland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 3,6 GWh, noko som tilsvarar forbruket til om lag 180 husstandar.

Vassdraget er ein del av Opovassdraget, som vart verna i 1973 i verneplan I for vassdrag. Utbygginga vil utnytte ei fallhøgd på 220 meter og endre naturleg vassføring på ein om lag 700 meter lang elvestrekning. Vatnet skal førast i tunnel og nedgravne røyr frå inntaket til kraftstasjonen.

NVEs meiner ei utbygging med minstevassføring som opprettheld ei naturleg og variert vassføring, i tillegg til små inngrep i ein edellauvskog i området, ikkje vil påverke verneverdiane i vassdraget. Minstevassføringa er sett til 180 l/s i perioden 1.mai - 30.september og 35 l/s i perioden 1.oktober - 30.april.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.