Embla kraftverk

Registreringsnummer
4904
Saksnummer
200802558
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
20.04.2009
Tiltakshaver
EMBLA KRAFT AS
Fylke
Møre og Romsdal
Kommune
Stranda
Vassdragsområde
098.3C
Søkt produksjon
15,70 GWh

NVE gjev lokale Embla Kraft løyve til å bygge Embla kraftverk i Emdalselva i Stranda kommune, Møre og Romsdal. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på om lag 15,7 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 785 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall på 395 m over om lag 2 km i Emdalselva. Emdalselva er ei sideelv til Embla/Storelva. Av omsyn til Emdalselva som landskapselement og biologisk mangfald knytt til elva har NVE satt ei minstevassføring på 350 l/s frå 1. mai til 30. september og 50 l/s resten av året. Gjennom detaljplangodkjenning og oppfølging i byggetida vil NVE sjå til at landskapsinngrepa knytt til utbygginga vert avgrensa i størst mogleg grad. NVE vurderar utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.