Muoidejohka kraftverk

Registreringsnummer
4900
Saksnummer
200705594
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
26.05.2010
Tiltakshaver
MUOIDEJOHKA KRAFT AS
Fylke
Nordland
Kommune
Beiarn
Vassdragsområde
161.F21Z
Søkt produksjon
18,50 GWh

NVE gjev Småkraft AS løyve til bygging av Muoidejohka kraftverk i Beiarn kommune, Nordland. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på ca. 19,0 GWh, noko som svarar til det årlege straumforbruket til omlag 950 husstandar.

Kraftverket vil ligge i Muoidejohka som er et sidevassdrag til Beiarelva Det vil nytte ei fallhøgde på 496 meter og redusere vassføringa på ei 1700 meter lang elvestrekning. Vatnet skal førast i tunnel og nedgravd røyr mellom inntak og kraftstasjon. Vatnet frå to mindre bekkar skal overførast til inntaket for kraftverket. Det er ikkje funne raudlista artar langs elva, men omsynet til botndyr, fossesprutvegetasjon og hekkande fossekall, saman med omsynet til landskap, gjer at NVE meiner det er naudsynt med minstevassføring heile året. Denne er fastsett til 100 l/s i tida mai til september, og 10 l/s resten av året. NVE har sett krav om fjerning av anleggsveg etter bygginga, og av omsyn til fisken på elvestrekninga nedanfor skal det monterast ein anordning for forbislepping ved kraftverket. Desse tiltaka i tillegg til god planlegging og oppfølging av prosjektet i byggetida vil etter NVE sitt syn gje akseptable verknadar for landskap og miljø. NVE vurderer at fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne og private interessene er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket, og gjev difor Småkraft AS løyve til bygging av Muoidejohka kraftverk på fastsette vilkår.