Myrholten kraftverk

Registreringsnummer
4885
Saksnummer
200703225
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
28.01.2009
Tiltakshaver
SMÅKRAFT AS
Fylke
Møre og Romsdal
Kommune
Surnadal
Vassdragsområde
112.3B0
Søkt produksjon
4,20 GWh

NVE gir Myrholten Kraft AS løyve til å regulere Nedre Myrholtvatnet med ein meter og å byggje Myrholten kraftverk i Surnadal kommune i Møre og Romsdal. Kraftverket vil gi ein årleg produksjon på omlag 3,6 GWh, noko som svarer til straumbruken til rundt 180 husstandar.

Myrholten kraftverk vil nytte eit fall på om lag 328 meter frå Nedre Myrholtvatnet og ned til elva Bøvra. Det er gitt løyve til å regulere vasstanden i Nedre Myrholtvatnet med ein meter.

NVE meiner at den største verknaden som følgje av tiltaket kan vere på anadrom fisk i Bøvra som følgje av at utlaupet frå kraftverket vert omlag ein kilometer nedstraums samlaupet mellom Myrholtelva og Bøvra. Det er difor sett krav om ei minstevassføring som skal sikre at tilhøva for fisken på den strekninga ikkje vert endra i lågvassføringsperiodar. I tida 1. mai til 30. september er det sett krav om ei minstevassføring på 60 l/s i Myrholtelva medan det resten av året skal sleppast 15 l/s. NVE meiner at ei slik minstevassføring også vil sikre andre allmenne interesser som landskapsoppleving, friluftsliv og biologisk mangfald.

Det var i utgangspunktet planar om ei reguleringshøgde i Nedre Myrholtvatnet på to meter. NVE meiner at dette vil gi for store negative verknader, særleg for landskapsopplevinga og friluftslivet. Med ei regulering av vatnet avgrensa til ein meter er verknadene for desse interessene etter vårt syn akseptable.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Konsesjonsdokument av 13.08.2018 erstatter konsesjonsdokumentene datert 28.01.2009 og 18.05.2017