Kvamselva kraftverk

Registreringsnummer
4882
Saksnummer
200703514,202117909
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
23.12.2010
Tiltakshaver
SMÅKRAFT GREEN BOND 2 AS
Fylke
Vestland
Kommune
Sunnfjord
Vassdragsområde
083.2Z
Søkt produksjon
8,50 GWh

NVE har gjeve Kvamselva Kraft AS løyve til å bygge Kvamselva kraftverk i Gaular kommune i Sogn og Fjordane. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på ca. 8,5 GWh, noko som svarar til årleg straumbruk til rundt 425 husstandar.

Kraftverket er planlagt med ein installert effekt på 2,4 MW. Kraftverket vil nytte ei fallhøgd på 244 m og endre naturleg vassføring på ei om lag 1200 m lang elvestrekning. Vassvegen skal bli nedgraven i grøft. Den verdifulle naturtypen bekkekløft er registrert på utbyggingsstrekninga, men det er ikkje påvist raudlista artar knytt til elva. Anadrom fisk vandrar opp i Kvamselva til ca. kote 21. Det er elles knytt friluftsinteresser til området.

NVE vurderar at dei negative verknadene av ei utbygging vert redusert med slepp av tilstrekkeleg minstevassføring, tilpassing av inntaket av omsyn til friluftsinteressene, flytting av kraftstasjon opp til vandringshinder for anadrom fisk og installasjon av omlaupsventil.

Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane gjennom ein auke av fornybar energiproduksjon på 8,5 GWh/år er større enn skadar og ulemper for ålmenne interesser. NVE gjev derfor løyve til bygging av Kvamselva kraftverk på fastsette vilkår.