Jordalen Kraftverk

Registreringsnummer
4839
Saksnummer
201204964
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
12.12.2014
Tiltakshaver
SMÅKRAFT GREEN BOND 1 AS
Fylke
Vestland
Kommune
Voss
Vassdragsområde
071.AZ
Søkt produksjon
16,00 GWh

Løyve til Jordalen kraftverk i Voss kommune i Hordaland.

 

NVE gjev Jordalen kraftverk (SUS) løyve til å byggje Jordalen kraftverk i Voss kommune i Hordaland. Kraftverket vil produsere om lag 16,0 GWh årleg. Dette svarer til straumbruken til om lag 800 husstandar.

Jordalen kraftverk er planlagd i elva Jordalselvi. I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Jordalen kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa miljøeffektar, og at brukarinteresser blir ivaretekne. I Jordalselvi er det avgrensa to naturtypar av bekkekløft og bergvegg med regional verdi, og ein beiteskog med lokal verdi. Det er registrert fuktkrevjande raudlisteartar i begge bekkekløftane. I avgjerda har NVE lagt vekt på at minstevassføringa blir satt høg nok sommartid for å kunne avbøte verknadene tilstrekkeleg for desse fuktkrevjande områda. Ei utbygging vil òg ha verknader for padlarar som brukar dei meir krevjande områda i elva. NVE sett difor krav om produksjonsstans på dagtid i Ekstremsportveko og ei helg elles i året der tid vert fastsatt i samråd med Voss Kajakk Klubb. NVE vurderer at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og ålmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Jordalen kraftverk på nærare fastsette vilkår.