Overføring Eikemoelva til Vetrhusvatn (Blåfalli)

Registreringsnummer
4809
Saksnummer
200700405
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Opprusting og utvidelse
Underordnet sakstype
Stor vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
22.06.2011
Tiltakshaver
SUNNHORDLAND KRAFTLAG AS
Fylke
Vestland
Kommune
Etne
Vassdragsområde
042.42
Søkt produksjon
66,00 GWh

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Sunnhordland Kraftlag AS løyve til å overføre øvre del av Eikemovassdraget til Nedre Vetrhusvatn, Etne og Kvinnherad kommunar, Hordaland.

Sunnhordland Kraftlag AS har søkt om løyve til å overføre dei øvre delane av nedbørfeltet i Eikemovassdraget til Vetrhusvatn (Blåfalli). Tiltaket inneber bygging av ein ca 5 km lang overføringstunnel med sju bekkeinntak. Tunnelen får utløp i Nedre Vetrhusvatn. Overføringa er planlagt nytta i eksisterande anlegg (Blåfalli III og Blåfalli Vik), og inneber ingen nye kraftverk eller reguleringsmagasin. Overføringa vil gje ein auke i årleg produksjon på om lag 65 GWh, noko som svarar til straumbruken til 3 250 husstandar.

NVE finn at den samfunnsmessige nytta av overføringa er større enn skadane og ulempene for allmenne og private interesser. Restvassføringa i vassdraget blir ved utløp i sjøen ca 62% av det opphavlege. NVE meiner at med dei avbøtande tiltak som er foreslått og med gode tekniske og landskapsmessige utformingar vil området framleis inneha mange av sine kvalitetar.

NVE meiner utbygginga med dei fastsette vilkåra vil vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser. Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.