Hanestadnea kraftverk

Registreringsnummer
4791
Saksnummer
200705288
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
15.01.2010
Tiltakshaver
ØVERGAARD ENERGI AS
Fylke
Innlandet
Kommune
Rendalen
Vassdragsområde
002.M2A0
Søkt produksjon
7,60 GWh

NVE gjev grunneigarane ved Øvre Hanestad Gård løyve til å bygge Hanestadnea kraftverk i Rendalen kommune, Hedmark. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 7 GWh, noko som svarar til den årlege straumbruken til rundt 350 husstandar.

Grunneigarane ved Øvre Hanestad Gård har søkt om løyve til å byggje Hanestadnea kraftverk i elva Hanestadnea i Rendalen. Kraftverket er planlagt med ei installert effekt på 2,1 MW og vil med dei fastsette vilkåra gi ein årleg produksjon på rundt 7 GWh.
Det er ikkje påvist raudlista artar eller verdifulle naturtypar knytt til elva. Det er heller ikkje særlige landskaps- eller friluftsinteresser knytt til tiltaksområdet. NVE meiner at med tilstrekkeleg minstevassføring heile året, og god planlegging og oppfølging av anlegg i byggetida, vil skadeverknadane for landskap og miljø vere akseptable.
NVE meiner at fordelane i høve til allmenne interesser er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket, og gjev difor løyve til Hanestadnea kraftverk på fastsette vilkår.