Øverdal kraftverk

Registreringsnummer
4771
Saksnummer
200707467
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
10.03.2009
Tiltakshaver
ØVERDAL KRAFTVERK AS
Fylke
Trøndelag
Kommune
Åfjord
Vassdragsområde
136.AZ
Søkt produksjon
2,70 GWh

NVE har gjeve lokale grunneigarar løyve til bygging av Øverdal kraftverk i Roan kommune i Sør-Trøndelag. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på om lag 2,4 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 120 husstandar.

Årleg produksjon i kraftverket vert om lag 2,4 GWh noko som svarar til straumbruken til rundt 120 husstandar. Kraftverket vil nytte eit fall på ca. 174 meter over om lag 1920 meter i Grytelva.

Grytelva er ei sideelv til Hofstadelva som i 1980 vart verna i verneplan II for vassdrag. Årsaka til vernet var Teistfossen nedst i Hofstadelva, fiskeinteresser i øvste del av vassdraget og omsyn til beiteområde for rein. Etter NVEs syn vil Øverdal kraftverk ikkje vere i konflikt med desse verneinteressene, og heller ikkje andre allmenne interesser i området, så lenge det er satt naudsynte vilkår for utbygginga.

Av omsyn til biologisk mangfald og landskapsinteresser, har NVE fastsett ei minstevassføring på 130 l/s i perioden 1. mai til 30. september og 100 l/s resten av året.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.