Forneselva kraftverk

Registreringsnummer
4763
Saksnummer
200703205,201504446
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
23.12.2010
Tiltakshaver
NORDIC POWER AS
Fylke
Troms
Kommune
Tromsø
Vassdragsområde
203.7Z
Søkt produksjon
15,50 GWh

NVE har gjeve Fjellkraft Forneselva AS løyve til å byggje Forneselva kraftverk i Tromsø kommune i Troms. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 15,5 GWh, noko som svarar til den årlege straumbruken til 775 husstandar.

Utbygginga vil nytte ei fallhøgde på ca. 118 meter, og endre naturleg vassføring på den utbygde elvestrekninga. Vatnet skal førast i nedgravne røyr mellom inntak og kraftstasjon.
Området for kraftverksutbygginga ligg rett utanfor Lyngsalpan landskapsvernområde. Vassdraget ligg inne i eit område som er regulert til masseuttak, og det er ikkje påvist raudlista artar eller fisk i vassdraget.
To viktige naturtypar er registrert langs Forneselva, gamal furuskog i nærleiken til elva og østersurt og andre strandplantar på elvedeltaet. Ved at den planlagde kraftstasjonen flyttast til kote 2 og tilstrekkeleg vassføring på sommaren meiner NVE at utbygginga er tilrådeleg. Ein god detaljplanlegging vil sørge for at veg til inntak og røyrgatetrasé kan samkøyrast i størst moglig grad med veger til grustaket.

NVE vurderar at fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne interessene er større enn skadane og ulempene, og gjev difor løyve til Forneselva kraftverk på fastsette vilkår.

Konsesjon for Forneselva kraftverk ble overført Nordic Power AS august 2015.