Venna kraftverk
- Registreringsnummer
- 4760
- Saksnummer
- 200801828,202117909
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 14.06.2010
- Tiltakshaver
- SMÅKRAFT AS
- Fylke
- Trøndelag
- Kommune
- Heim
- Vassdragsområde
- 119.411Z
- Søkt produksjon
- 9,80 GWh
NVE gjev Venna Kraft AS v/ Leidulf Ven og Lars Petter Ven løyve til bygging av Venna kraftverk og regulering av Setervatnet i Snillfjord kommune, Sør-Trøndelag. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 9,8 GWh, noko som svarar til straumbruken til i underkant av 500 husstandar.
Venna Kraft AS har søkt om løyve til å bygge Venna kraftverk og å regulere Setervatnet. Det er påvist ei bekkekløft i Høgfossen som er vurdert å vere lokalt viktig, men det er ikkje påvist raudlista artar knytt til elva. Vennaelva har gyte- og oppvekstområder for laks og sjøaure på strekninga nedafor kraftstasjonen, men strekninga er vurdert å ha små fiskeinteresser.
Kraftverket er planlagt med ei installert effekt på 2,8 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på ca. 9,8 GWh. Utbygginga vil nytte eit fall på 185 m og endre naturleg vassføring på ei om lag 1700 m lang strekning. NVE har fastsett ei minstevassføring på 50 l/s heile året. NVE har óg fastsett restriksjonar på regulering av Setervatnet av omsyn til landskapet, biologien i vassdraget, anadrom fisk og for brukarinteressene.
Etter NVE sitt syn er utbygginga med dei avbøtande tiltaka akseptabel i høve til private og allmenne interesser.