Nape kraftverk

Registreringsnummer
4703
Saksnummer
200702784
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
30.06.2010
Tiltakshaver
NAPE KRAFT AS
Fylke
Telemark
Kommune
Fyresdal
Vassdragsområde
019.F2E
Søkt produksjon
7,60 GWh

Nape kraftverk er planlagt bygd i Sandvassåi i Fyresdal kommune, Telemark. Kraftverket vil få ein installert effekt på 2 MW og ein årleg produksjon på om lag 7,6 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 380 husstandar.

Dei negative verknadene er i hovudsak knytt til redusert vassføring på utbyggingsstrekninga, noko som vil kunne påverke fiskebestanden, og redusere verdien av elva som landskapselement. Utbygginga vil i tillegg føre til ein del fysiske inngrep i terrenget som vil kunne opplevast som negative i høve til friluftsliv. NVE meiner likevel det vil vere mogleg å avbøte ein del av dei negative verknadene ved slepp av tilstrekkeleg minstevassføring, og gjennom miljøtilpassing av dei ulike inngrepa. NVE vurderer nytten av tiltaket som større enn skadane og ulempene for private og allmenne interesser, og gir difor løyve til bygging av Nape kraftverk på fastsette vilkår.