Lisjvasselva småkraftverk

Registreringsnummer
4683
Saksnummer
200700261
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
02.09.2010
Tiltakshaver
SMÅKRAFT VEKST 2025 AS
Fylke
Nordland
Kommune
Sørfold
Vassdragsområde
168.4B
Søkt produksjon
8,46 GWh

Utsatt byggefrist. Ny frist er 02.09.2020.

 

NVE har handsama søknadene om bygging av Lisjvasselva og Austerelva kraftverk i Sørfold kommune i Nordland. Vi gjev løyve til å byggje Lisjvasselva kraftverk som vil gje ein årlig fornybar produksjon på om lag 8,3 GWh. Dette tilsvarar straumbruken til om lag 400 husstandar. Austerelva kraftverk får ikkje løyve grunna konflikt med ei verdfull fossesprøytsone som inneheld ein rødlista lavart. NVE meiner at ein produksjon i dette kraftverket på drygt 13 GWh ikkje veg opp for ulempene ved ei utbygging.

Løyve til Lisjvasselva kraftverk
Lisjvasselva kraftverk er planlagt med ein installert effekt på 2,6 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på om lag 8,3 GWh. Dette svarar til den årlege straumbruken til rundt 400 husstandar. Utbygging vil medføre nokre negative verknader for natur-, landskaps- og friluftsverdiar, men NVE meiner det vil vere mogleg å avbøte dei negative verknadene ved slepp av tilstrekkelig minstevassføring. Vidare meiner vi at omsynet til mellom anna reindrifta kan tryggjast med krav om nedgrave røyrgate og god dialog under planleggings- og anleggsperioden. NVE vurderer nytten av tiltaket som større enn skadane og ulempene for allmenne og private interesser, og gir derfor løyve til bygging av Lisjvasselva kraftverk på fastsette vilkår.

Avslag for Austerelva kraftverk
Austerelva kraftverk er planlagt med ein installert effekt på 3,75 MW og ein årleg produksjon på om lag 13,8 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 690 husstandar. Ubygginga vil påverke det biologiske mangfaldet og utgjere ein trussel mot ei fossesprøytsone som inneheld ein førekomst av flatsaltlav som har status som sårbar i den nasjonale raudlista. NVE meiner eit tap av førekomsten med flatsaltlav vil vere svært negativt for arten. Vi ser heller ikkje moglegheiter for å bøte på verknadene med tiltak. Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE vurderar utbyggingsplanane til ikkje å vere akseptable i høve til allmenne interesser, og gir difor ikkje løyve til bygging av Austerelva kraftverk.
Les meir om avslag til Austerelva kraftverk