Skår småkraftverk

Registreringsnummer
4653
Saksnummer
200700418
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
13.05.2009
Fylke
Møre og Romsdal
Kommune
Vanylven
Vassdragsområde
093.32
Søkt produksjon
4,80 GWh

NVE gjev løyve til å bygge Skår kraftverk i Skårelva, Vanylven kommune i Møre og Romsdal. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 4,3 GWh, noko som tilsvarar forbruket til om lag 220 husstandar.

Utbygginga vil utnytte ei fallhøgd på 315 m frå kote 335 til kote 20 og endre naturleg vassføring på om lag 900 m elvestrekning.

Av omsyn til naturmiljøet og friluftsliv er det gjeve løyve m.a. på vilkår av at det vert sleppt ei tilsigsavhengig minstevassføring på 30 l/s heile året. Prosjektet medfører få permanente inngrep utover fråføringa av vatn i Skårelva.

Gjennom detaljplangodkjenning og oppfølging i byggetida vil NVE sjå til at landskapsinngrepa knytt til utbygginga vert avgrensa i størst mogleg grad.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.