Duvedalen kraftverk

Registreringsnummer
4503
Saksnummer
200706622,202117909
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
17.12.2010
Tiltakshaver
SMÅKRAFT GREEN BOND 2 AS
Fylke
Vestland
Kommune
Gulen
Vassdragsområde
069.3Z
Søkt produksjon
11,10 GWh

NVE har handsama fire søknader om bygging av kraftverk i Gulen kommune, Sogn og Fjordane. Vi gjev løyve til å bygge desse kraftverka som samla vil gje ein årleg fornybar produksjon på om lag 43 GWh. Dette tilsvarar straumbruken til omlag 2150 husstandar.

Småkraft AS får løyve til å bygge Kvernhuselva, Duvedalen, Storelva og Engesetelva kraftverk. Kraftverka vil få ein total installasjon på rundt 14 MW og gje ein årleg fornybar produksjon på om lag 43 GWh.

Alle kraftverka ligg innafor ein radius på 6 km, og NVE har difor valt å sjå desse i samanheng og gjort ei heilskapleg vurdering av verknadene.

Ei realisering av alle prosjekta vil føre til at fire elvestrekningar i indre Gulen får sterkt redusert vassføring. Konfliktgraden har vore høgast på fagområda landskap, friluftsliv og sumverknader knytta til desse tema.

Med krav om avbøtande tiltak for kraftverka meiner NVE likevel at konflikten vert redusert til eit akseptabelt nivå. Døme på avbøtande tiltak er vassveg i tunnel for Kvernhuselva, ikkje løyve til overføring av Tjørnbekken til Duvedalselva og ein trasé som i liten grad kjem i konflikt med ein gamal stølsveg ved Engesetelva. I Storelva er kraftverket trekke oppstraums sjøaureførande strekning. NVE meiner det må sleppast ei heilårleg minstevassføring på alle utbyggingsstrekningane. NVE legg stor vekt på at kraftverka kan gje auka verdiskaping og positive ringverknader i lokalsamfunnet i tillegg til eit monaleg bidrag til ny fornybar energiproduksjon.