Vestre Neset kraftverk

Registreringsnummer
4469
Saksnummer
200704372
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
28.01.2010
Tiltakshaver
NESET KRAFT AS
Fylke
Rogaland
Kommune
Lund
Vassdragsområde
026.BB
Søkt produksjon
4,20 GWh

NVE gjev Neset Kraft AS løyve til å bygge Østre-, Vestre- og Nedre Neset kraftverk i Lund kommune, Rogaland. Det er samstundes gjeve løyve til ei regulering av Ljosvatnet på 10 cm. Kraftverka vil gi ein samla årleg produksjon på omlag 14,8 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 740 husstandar.

Det er påvist to naturtypar på utbyggingsstrekninga som er vurdert å vere lokalt viktige; ein hagemark eikeskog og ei bekkekløft. Det er ikkje påvist raudlista artar knytt til elva. Det er heller ikkje særlege landskaps- eller friluftsinteresser knytt til området. NVE meiner at med tilstrekkeleg minstevassføring heile året, og god planlegging og oppfyljing av anlegget i byggetida, vil skadeverknadane for landskap og miljø vere akseptable.

NVE meiner at fordelane i høve til allmenne og private interesser er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverka, og gjev derfor løyve til Østre-, Vestre- og Nedre Neset kraftverk på fastsette vilkår.

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Overingeniør Sigrun Birkeland Rawcliffe, tlf. 22 95 93 16