Storå kraftverk

Registreringsnummer
4293
Saksnummer
200701889
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
02.02.2009
Tiltakshaver
NORDIC POWER AS
Fylke
Nordland
Kommune
Hamarøy
Vassdragsområde
171.711
Søkt produksjon
4,40 GWh

NVE har gjeve Nordkraft AS løyve til å bygge Storå kraftverk i Tysfjord kommune i Nordland. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 4 GWh, noko som svarer til straumbruken til rundt 200 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall på om lag 136 meter over ein strekning på ca. 1 km i Storelva. Vatnet vert ført i nedgrave røyr frå inntaket til kraftstasjonen.

Storelva er ein inngangsport til eit viktig friluftsområde. For å ta vare på landskapselementa og andre allmenne interesser i og langs vassdraget er det fastsett ei minstevassføring i Storelva på 140 l/s i perioden 1. mai til 30. september og 50 l/s resten av året. Det er vidare lagt vekt på at alle inngrepa skal gjerast med varsemd. NVE vil sjå til at dette vert ivareteke gjennom godkjenning av detaljplanar for anlegget og oppfølging i byggetida.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptable i høve til allmenne og private interesser.