Furegardene kraftverk

Registreringsnummer
4201
Saksnummer
200801393
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
20.09.2011
Tiltakshaver
SMÅKRAFT AS
Fylke
Vestland
Kommune
Voss
Vassdragsområde
062.C1
Søkt produksjon
17,00 GWh

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Småkraft AS løyve til å byggje Sagelvi kraftverk i Sagelvi i Voss kommune, Hordaland. Kraftverket vil produsere om lag 17,2 GWh årleg, noko som tilsvarar det årlege straumforbruket til om lag 860 husstandar.

Tilrådinga gjeld bygging av inntaksdam ved kote 310 i Sagelvi og kraftstasjon på kote 35. Mellom disse vil det bli nedgravne røyr over eit strekkje på om lag 2 km. Slukeevna i kraftverket er på 200 % av middelvassføringa. Det vil bli byggja nokre hundre meter med nye vegar, samt bru over Sagelvi til kraftstasjonen.

NVE rår til at det vert slept ei minstevassføring forbi inntaket på 200 l/s i sumarhalvåret og 100 l/s i vinterhalvåret, og at det installerast ein omlaupsventil eller tilsvarande teknisk løysing i kraftverket på halvparten av slukeevna. NVE vurderer utbygginga, med dei fastsette vilkåra, til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.