Måråe kraftverk

Registreringsnummer
3850
Saksnummer
200902146
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Mini-/mikrokraftverk
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
19.12.2011
Tiltakshaver
MÅRÅE KRAFTVERK AS
Fylke
Innlandet
Kommune
Skjåk
Vassdragsområde
002.DHJA
Søkt produksjon
1,50 GWh

Utsatt byggefrist. Ny frist er 19.12.2021

 

NVE gjev Måråe Kraftverk SUS løyve til å bygge Måråe kraftverk i Skjåk kommune i Oppland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 1,5 GWh.

Utbygginga vil nytte eit fall på 19 meter og vil føre til at ei elvestrekning på omlag 180 meter får noko redusert vassføring delar av året. Den planlagte utbygginga gjeld gjenoppbygging av eit kraftverk som vart nedlagt i 1982. Måråivassdraget vart verna i 2005 og verdiane i vassdraget er knytte opp til landskapsopplevingar og urørt natur.

Utbygginga vil medføre nokre negative verknader for opplevinga av landskapet lokalt. NVE meiner at det i verna vassdrag skal vere att noko av den naturlege variasjonen på den utbygde elvestrekninga, og prosjektet har difor fått krav om mindre slukeevne og høgre minstevassføring enn det det var søkt om. Ei realisering av ei alternativ utbyggingsløysing, med krav om avbøtande tiltak, vil etter NVEs syn ha akseptable verknader både i høve til verneverdiane og allmenne interesser elles.

NVE meiner fordelane i høve til dei allmenne interessene er større enn skadane og ulempene ved å byggje kraftverket, og gjev difor løyve til Måråe kraftverk på fastsette vilkår.

Måråe kraftverk (SUS) har 11.08.2016 fått utsatt byggefrist til 19.12.2021.