Tosdalen kraftverk

Registreringsnummer
3710
Saksnummer
200702171
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
22.06.2012
Tiltakshaver
HELGELAND KRAFT VANNKRAFT AS
Fylke
Nordland
Kommune
Brønnøy
Vassdragsområde
144.7B
Søkt produksjon
43,70 GWh

NVE har handsama sju søknader om bygging av kraftverk innerst i Tosenfjorden i Brønnøy kommune, Nordland. Vi gjer løyve til å bygge fleire av desse kraftverka som samla vil gje ein årleg fornybar produksjon på drygt 100 GWh. Dette tilsvarar straumbruken til omlag 5000 husstandar.

HelgelandsKraft AS får løyve til å bygge Bjørnstokk, Tverråa, Storelva, medan Fjellkraft AS får løyve til bygging av Kjelvika kraftverk. NVE rår samstundes Olje- og energidepartementet (OED) til å gje HelgelandsKraft AS løyve til regulering av Leiråvatnet og bygging av Leiråa kraftverk. Kraftverka vil få ein total installasjon på rundt 32 MW og gje ein årleg fornybar produksjon på drygt 100 GWh. NVE avslår samstundes søknad frå HelgelandsKraft AS om løyve til bygging av Lille Tosdalen kraftverk, og vi rår OED til å ikkje å gje løyve til Tosdalen kraftverk.

Dei sju kraftverka ligg innafor ein radius på 4 km, og slutthandsaminga har vore samanfallande i tid. NVE har difor valt å sjå desse i samanheng. Det er OED som skal fatte den endelege avgjerda for søknadene som gjeld Leiråa og Tosdalen kraftverk.

Ei realisering av alle prosjekta vil føre til at ni lengre elvestrekningar nær Tosbotn får sterkt redusert vassføring. Fleire av vassdraga er nedskore i terrenget med tett vegetasjon langs elvebredda og såleis mindre viktige for landskapsopplevinga. Med visse krav om avbøtande tiltak for kraftverka Leiråa, Bjørnstokk, Tverråa, Storelva og Kjelvika meiner NVE at verknadene av desse er akseptable. NVE legg stor vekt på at kraftverka kan gje auka verdiskaping og positive ringverknader i lokalsamfunnet i tillegg til eit monaleg bidrag til ny fornybar energiproduksjon. Det vil også leggje til rette for ei utviding av Marine Harvest AS sitt settefiskanlegg på Borkamo.

Krav om minstevassføring
NVE meiner det må sleppast ei heilårleg minstevassføring på utbyggingsstrekningane. Pålagt minstevassføring vil redusere den årlege produksjonen med om lag 7,5 GWh, slik at gjennomsnittleg årsproduksjon vert rundt 102 GWh. Dette svarar til den årlege straumbruken til omkring 5100 husstandar. Alle kraftverka skal ha det meste av vassvegen i fjell. Dette vil redusere verknadene av dei tekniske inngrepa i stor grad.

Avslag for Tosdalen og Lille Tosdalen
Tosdalen og Lille Tosdalen kraftverk vil røre ved eit veglaust dalføre med svært lite inngrep. Ein realisering av desse prosjekta vil føre til at det må byggast ein lengre veg inn i området og at markerte vassdrag får sterkt redusert vassføring. Tosdalen reknas som et kjerneområde for reindrifta og vert nytta som vår- og sommarbeite. NVE har merka seg forslaga til avbøtande tiltak frå søkjar. Vi legger derimot vekt på at reinbeitedistriktet er sterkt imot at prosjekta realiserast fordi dei får konsekvensar for eit frå før urørt og viktig beiteområde. Ein utbygging av kraftverka i Tosdalen vil etter vårt syn også kunne gje vesentlige negative sumverknader for opplevingsverdiane som er knytt til landskapet i områda rundt Tosbotn. NVE meiner skadane og ulempene for dei allmenne interessene er større enn fordelane ved å bygge desse to kraftverka. Vi gir difor ikkje løyve til bygging av Lille Tosdalen kraftverk og har samstundes anbefalt OED om å avslå søknad om løyve for å bygge Tosdalen kraftverk.

Ikkje nok kapasitet i strømnettet
Eksisterande 22 kV nett mellom Tosbotn og 132 KV leidning Kolsvik-Langfjorden har ikkje nok kapasitet for å ta imot krafta frå dei omsøkte kraftverka. HelgelandsKraft AS har difor søkt om løyve for ein omlag 14,5 km lang 132 kV leidning mellom Lande koplingsstasjon og Tosbotn. For å unngå forseinking meiner NVE at løyve for kraftverka kan handsamast ferdig før ein endeleg vurdering av nettilknyting. NVE presiserar i denne samanheng at utbyggar sjølv må bere eventuell risiko knytt til om nettilknyting blir vesentleg forsinka eller ikkje lar seg realisere.