Vengåa kraftverk

Registreringsnummer
3654
Saksnummer
200805490
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
20.12.2013
Tiltakshaver
VENGÅKRAFT AS
Fylke
Møre og Romsdal
Kommune
Rauma
Vassdragsområde
103.4AA0
Søkt produksjon
10,20 GWh

NVE gjev Vengåkraft AS løyve til å byggje Vengåa kraftverk i Rauma kommune i Møre og Romsdal. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 10 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 500 husstandar.

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Vengåa vil vere eit bidrag til fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar.

Utbygginga vil gjere nytte av fallet mellom 353 moh og 60 moh. Vassvegen skal vere nedgraven heile vegen. Dei viktigaste problemstillingane i saka er slik NVE ser det, omsynet til friluftsliv og anadrom fisk. NVE meiner ulempene kan reduserast i tilstrekkelig grad gjennom avbøtande tiltak. I vedtak om løyve er det lagt vekt på at det skal gå ei heilårleg minstevassføring i Vengåa som er høgare enn det søkjar hadde foreslått. NVE vurderer at inngrepa berre vil få lokale verknader, og at det dermed er ei akseptabel utbygging.

NVE vurderer nytten av tiltaket som større enn ulempene for allmenne og private interesse og gjev difor løyve til bygging av Vengåa kraftverk på nærare fastsette vilkår.