Senneset kraftverk

Registreringsnummer
2910
Saksnummer
200706688
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
04.10.2010
Tiltakshaver
SMÅKRAFT USPP 1 AS
Fylke
Vestland
Kommune
Sunnfjord
Vassdragsområde
080.21B
Søkt produksjon
5,30 GWh

Utsatt byggefrist. Ny frist er 04.10.2020

 

NVE gjev Senneset Kraft AS løyve til å bygge Senneset kraftverk i Gaular kommune i Sogn og Fjordane. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 5,3 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 265 husstandar.

Senneset Kraft AS har søkt om løyve til å byggje Senneset kraftverk i Gaular kommune. Kraftverket er planlagt med ei installert effekt på 1,8 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje om lag 5,3 GWh i ny fornybar energi.

Utbygginga vil nytta ei fallhøgd på 215 meter i Sennesetelva og endra naturleg vassføring på ei om lag 1700 m lang elvestrekning. Vassvegen vil verte nedgraven i grøft. Svigardselva vil overførast til Sennesetelva oppstraums inntaket. Om lag 300 m av Svigardselva vil få redusert vassføring. Det er registrert ei om lag 500 m lang bekkekløft i vassdraget. Det er vurdert at naturverdiane i bekkekløfta er så små at den ikkje er ei prioritert naturtype. Det vart funne kort trollskjegg i bekkekløfta, klassifisert som nær trua (NT) i raudlista. Denne er ikkje direkte avhengig av vassføringa i elva. NVE vurderar at dei negative verknadane av ei utbygging kan reduserast med slipp av tilstrekkeleg minstevassføring.

Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane gjennom ei auke av fornybar energiproduksjon på 5,3 GWh er større enn skadar og ulemper for ålmenne interesser. NVE gjev derfor løyve til bygging av Senneset kraftverk på fastsette vilkår.