Fossevika kraftverk

Registreringsnummer
7344
Saksnummer
201400336
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
08.06.2016
Tiltakshaver
SMÅKRAFT AS
Fylke
Vestland
Kommune
Askvoll
Vassdragsområde
083.32Z
Søkt produksjon
18,60 GWh

NVE gjev løyve til Anga, Bakkeelva, Ervikselva, Hundsåna, Stølselva og Vassbrekka kraftverk. Fossevika, Hellevang, Marka, Rørvika, Torvik og Øvre Redal kraftverk får avslag.

Dei seks kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 76 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til om lag 3800 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla gitt om lag 49 GWh/år.

Landskap, friluftsliv og naturmangfald har vore sentrale tema i NVE si vurdering av desse prosjekta. NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som vi meiner gjev minst konflikt med desse allmenne interessene, og som samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi.

NVE har sett vilkår til det enkelte prosjektet for å redusere dei negative verknadane for allmenne interesser. Etter NVE si vurdering er det ikkje mogleg å gjera tilpassingar som kan bøte på dei negative verknadane for dei seks kraftverka som har fått avslag.