Sotabotnen kraftverk, O/U i Samnangervassdraget

Registreringsnummer
9849
Saksnummer
202603430
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Opprusting og utvidelse
Underordnet sakstype
Stor vannkraft
Status
Søknad forberedes (Ikke melding)
Tiltakshaver
EVINY FORNYBAR AS
Fylke
Vestland
Kommune
Kvam, Samnanger
Vassdragsområde
055.Z

NVE har fått søknad frå Eviny Fornybar AS om bygging og drift av Sotabotnen pumpekraftverk. 

Kraftverket kan pumpe vatn frå Kvitingsvatnet til Svartavatnet. Det blir ikkje søkt om å endre manøvreringsreglementet for magasina. Kraftstasjonen blir etablert i fjell, med tilkomst via tunnel frå Kvitingsvatnet. Isolert sett gir Sotabotnen kraftverk ein reduksjon i energiproduksjonen i vassdraget på 16 GWh. 

Parallelt søkjer Eviny om Børdalen kraftverk, som er planlagt å tappe vatn frå Kvitingsvatnet direkte til Samnangerfjorden. Ny samla effekt for Sotabotnen og Børdalen kraftverk er 370 MW, og vil ved realisering gi ein auke i energiproduksjon i vassdraget på 80 GWh. 

Du finn søknaden og andre relevante saksdokument i filoversikta på denne sida. For ei fullstendig oversikt over dokumenta i saka, sjå einnsyn.no. Her kan du også søkje om innsyn i dokumenta.